BLI MEDLEM I HASUNDGOT

Hasundgot IL spelarar - Daniel Sellereite og Alva Gjerde

Aktivt medlem

Aktivt medlem er medlemmar som er med på eit lag, treningar og kampar. Kom gjerne å prøv deg på trening om du er interessert i fotball! For aktive medlem er medlems- og treningskontigent obligatorisk (prisoversikt). Fyll ut skjemaet under for å kontakte oss, eller registere deg/ditt barn som medlem i klubben vår.

Hasundgot IL frivillige - Astrid Sørensen Garshol og Siri Holm Sundgot

Støttemedlem

Støttemedlem er medlemmar som vil hjelpe klubben vidare med vårt arbeid for å gjere dette til ein betre plass å bu. Fyll ut skjemaet under for å bli støttemedlem i klubben vår. Ønsker du å melde inn fleire støttemedlem fyller du ut skjemaet igjen, med den nye informasjon.

MEDLEMSKAP

AKTIVE MEDLEMMAR

Alle aktive i idrettslaget vårt må også vere medlem i klubben. Ein kan komme å sjå eller prøve seg på treningar om ein ønsker det, for så å melde seg inn i etterkant om ein likar seg! Pris per medlemskap er 400 kr per år, maks 800 kr per familie. Vi oppmodar om at dei familiane som har to eller fleire aktive medlemmar i klubben inngår familiemedlemskap slik at vi får inn flest mogeleg personar i medlemsregisteret vårt. Vi sender deg ein link til Spond Club slik du blir registrert til ditt lag eller medlemskap, ved innsendt skjema (over). Ved økonomiske utfordringar ta kontakt med sportsleg leiar, dette behandlast konfidensielt, og vi vil gjere det vi kan for å tilretteleggje.

STØTTEMEDLEMSKAP

Hasundgot IL har vore heldige i monge år og hatt mange støttemedlemmar. Dette vert viktigare enn nokon gong når vi skal ta klubben til nye høgder ifbm bygging av ny hall. Det vil fra 2024 vere mogeleg å støtte oss med ulike beløp via dei ulike støttemedlemskapa vi no tilbyr. Vi håper flest mogeleg har moglegheit til å gi oss årleg støtte for å behandle lånet på hallen.

HØGÅSEN: 2000 kr per år

SVARANE: 1000 kr per år

RØYRAFJELLET: 400 kr per år

TAKK for at du vil bidra og støtte klubben, vi håper verkeleg at flest mogleg har høve til å sjå mot Svarane eller Høgåsen!

VELKOMMEN TIL HASUNDGOT!

VISJON & VERDIAR

Hasundgot IL skal bidra til å gjere bygda vår til ein betre stad å bu. Dette skal vi oppnå ved å vere ein positiv bidragsytar i lokalsamfunnet og strekkje oss mot å kunne tilby aktivitet for alle.

Hasundgot er inkluderande, du er velkommen uansett alder, kjønn, ferdigheitsnivå og etnisk bakgrunn. Vi skal opptre i god Fair Play-ånd, både på og utanfor banen. Hasundgot skal auke trivselen, vi skal ta vare på det gode miljøet og fellesskapen. I klubben vår er vi optimisiske - vi ser moglegheiter, ikkje problem.

VÅRT HOVUDMÅL

I løpet av planperioden 2022-2025 har vi i Hasundgot IL:

  • eit sportsleg tilbod i alle aldrar, anten per årskull eller på tvers av årskull

  • status som Kvalitetsklubb

  • like mange jentelag som gutelag i alderen 6-12 år

  • etablert eit seniortilbod på damesida

  • minimum 1 trenar per årskull med relevant trenarkurs (NFF Grasrottrenar)

Hasundgot IL kamp - Pelle Hatløy Korsan