SPORTSHALL

Hasundgot IL spelarar - Julie Haugland og Eline Mathea Bigset

“Ej ser behovet for ein hall no når forholda er så dårlige, slik vi kan starte på oppkjøringa til sesong og forberede oss på lik linje som dei andre laga rundt oss” - Julie

KJÆRE HASUNDGOTAR

Bygginga av Hasundgot Arena er i gong og til våren kan vi invitere til vår nye draumeverd. No går vi ut til deg med håp om at du og dine kan bidra med finansiering av hallen. Kjøp andelar og få navnet ditt på oppslag som blir hengt opp inne i hallen – di støtte er med på å holde lånet på hallen so lavt som mogeleg noko som er særs viktig for den framtidige drifta av klubben.

Gi di støtte på Vipps, vippsnr 12274.

Ein kan også bli andelseigar via nettbanken. Bruk kontonummer 3905.28.04209 og merk innbetalinga med «Andelseigar».

«VIPPS so vart det hall 😊»

Salsperiode fram til 01.03.25

STØTT SPORTSHALLEN!

Vi har starta arbeidet med Hasundgot Arena for å betre tilbodet i lokalsamfunnet og få auka trivsel i klubben.

Ein ny hall på Hasundgot vil gjere at vi kan forbetre tilboda for medlemmane våre. Vi vil ikkje lenger måtte avlyse treningar på grunn av føret vintersesongen, eller sprengt kapasitet på bana sommarsesongen. Med ein isolert sportshall vil vi auke trivselen og kunne vere endå meir inkluderande!

Vi planlegg å etablere ein «niarhall» med speleflate på 40x60 meter. Total hallstørrelse er tenkt 50x72 meter, som mogleggjer tilstrekkeleg sikkerheittssone for fotballbane og lagringsplass til utstyr. Vi håper så mange som mogleg vil vere med på dette kjekke prosjektet!

Sjå korleis du kan støtte klubben vår her.

Bli ein del av klubben vår